Norsk Barneblad 02/2022

65 kr

Dei vennlege kjempene – kan kvalane redde havet?
Ei blåkvalmor har barn i magen i heile 11 månadar. Kvalungen kjem ut med halen først, så han ikkje skal drukne. Ved fødselen er ungen større enn ein elefant! Han sym fort til overflata for å puste. Ungen liker å leike med mor si, sprelle på ryggen hennar og bruke luffane hennar til sklie eller gøymsle. Ein oppførsel ikkje så forskjellig frå vår, altså.
Dei fleste av oss har kanskje ikkje tenkt på livet i havet som viktig for klimaet. Vi veit ein god del om kor viktig jungel og skog er for klimaet. Blant anna er det superviktig å ta vare på regnskogen, fordi han produserer oksygen og bind karbondioksid. Regnskogen blir ofte kalla verdas lunger. For å leve må vi puste, og då må vi ha lunger. Det gjeld både verda og oss.
Kva med havet og dei som lever der? Vi ser nærare på havet. Betyr livet i havet noko for våre liv her på landjorda? Svaret er JA, og det kan du lese om i Norsk Barneblad.

Bidragsytere

2 på lager

Om utgiveren:


Norsk Barneblad passar til alle barn, gutar og jenter, mellom 8 og 12 år. Bladet har sidan 1887 stimulert barn med nynorsk lese- og skriveglede. Ved å vere ein truverdig og inspirerande inngang til skriftkulturen på tvers av sjangrar og kommersielle interesser, fremjar Norsk Barneblad barnet sitt språklege, medskapande og demokratiske medvit. Norsk Barneblad kjem ut ein gong om månaden, med unnatak for skoleferien.

barneblad.no

Tegn abonnement her!

Merk:
Lenken fører til en ekstern nettside. Tekstallmenningen har ikke abonnementshåndtering for dette tidsskriftet.

Kjøp tidligere utgaver

Andre likte også…

Meny