Norsk Barneblad 10/2022

49 kr

LAR DU DEG LURE?
Trylletriks og illusjonar er god underhaldning. Av og til er det moro å la seg lure. Andre gongar er det ikkje moro å bli lurt. Aprilsnarr er gøy, men vi synest ikkje det er så gøy at det er aprilsnarr kvar dag på internett.
Er jorda flat? Nei, ho er rund. Dette veit vi godt. Likevel påstår somme at jorda er flat fordi dei har sett det på filmar på YouTube og TikTok. Har du først sett ein slik film, så får du opp mange fleire. Du blir pepra med påstanden om at jorda er flat. Ikkje så rart kanskje at enkelte begynner å lure … Det er veldig lett å lage slike falske filmar.
For å få mange klikk på TikTok, eller følgjarar på YouTube, er det folk som påstår alle slags rare ting, som ikkje er sanne. Dess meir sjokkerande innhald, dess fleire følgjarar. Det er slik mange tener pengar. Det blir vanskelegare og vanskelegare å skilje på kva som er sant, og kva som er usant.
Så kvifor trur vi på det vi trur på? Er vi kanskje litt overtruiske? Kvar kjem skikken med halloween frå? Kva ER halloween? Gode råd og smarte tips for vellukka feiring for store og små, får du også. Alt dette kan du lese i oktoberutgåva av Norsk Barneblad.
Framside av Mai Lindberg

Bidragsytere

4 på lager

Om utgiveren:


Norsk Barneblad passar til alle barn, gutar og jenter, mellom 8 og 12 år. Bladet har sidan 1887 stimulert barn med nynorsk lese- og skriveglede. Ved å vere ein truverdig og inspirerande inngang til skriftkulturen på tvers av sjangrar og kommersielle interesser, fremjar Norsk Barneblad barnet sitt språklege, medskapande og demokratiske medvit. Norsk Barneblad kjem ut ein gong om månaden, med unnatak for skoleferien.

barneblad.no

Kjøp tidligere utgaver

Andre likte også…

Meny