Norsk Barneblad 2026/01

69 kr

FORTELJINGAR I STEIN
Har du tenkt over kva landskapet rundt deg fortel? Kvar einaste fjellknaus og fjordarm og innsjø har ei forteljing om istider, vatn og stormar som har gnura og slite på dei. Jordplater som har pressa seg opp og skvisa overflata opp til høge fjell og djupe dalar. Jorda er over 3 milliardar år gammal. Landet vårt har vore igjennom mange istider. Det er berre 11 tusen år sidan sist. Mange steinar har striper, prikkar og ulike fargar. Det er historia til steinen som har gjort at han ser ut som han gjer. Når du veit kva du skal sjå etter, forstår du meir av det steinen kan fortelje deg. Alt som har hendt han. Det er mange fine steinar i landet vårt. Kanskje har du lyst til å lage di eiga samling av stein?

Bidragsytere

2 på lager

Om utgiveren:


Norsk Barneblad passar til alle barn, gutar og jenter, mellom 8 og 12 år. Bladet har sidan 1887 stimulert barn med nynorsk lese- og skriveglede. Ved å vere ein truverdig og inspirerande inngang til skriftkulturen på tvers av sjangrar og kommersielle interesser, fremjar Norsk Barneblad barnet sitt språklege, medskapande og demokratiske medvit. Norsk Barneblad kjem ut ein gong om månaden, med unnatak for skoleferien.

barneblad.no

Tegn abonnement her!

Merk:
Lenken fører til en ekstern nettside. Tekstallmenningen har ikke abonnementshåndtering for dette tidsskriftet.

Kjøp tidligere utgaver

Andre likte også…

Meny