Norsk Barneblad 2026/03

69 kr

Arkitektur
Hus og heim er viktig. Alle treng vi tak over hovudet. Om du bur i einebustad eller i blokk, så har du kanskje bestemt korleis rommet ditt skal sjå ut? Kva slags seng og andre møblar du vil ha, gardiner og pynt, plakatar og anna. Ja, slik at det blir DITT rom.
Hus kan vere veldig forskjellige. Det er ulike måtar å bygge hus på i ulike land. Det kan vere fordi klimaet er annleis. Her i landet må vi tenke på kalde vintrar. I varmare land kan ein tenke heilt annleis på korleis ein bygger eit hus.
Er tre eit materiale som det finst mykje av? Eller må ein bygge i stein? Eller sement? Her i landet er det å bygge i tre vanleg fordi vi har mykje skog. Gammal byggeskikk i Noreg er basert på nettopp tre.
I dette nummeret av bladet ser vi på husbygging og arkitektur.
Framside av Linnea Griffin

4 på lager

Om utgiveren:


Norsk Barneblad passar til alle barn, gutar og jenter, mellom 8 og 12 år. Bladet har sidan 1887 stimulert barn med nynorsk lese- og skriveglede. Ved å vere ein truverdig og inspirerande inngang til skriftkulturen på tvers av sjangrar og kommersielle interesser, fremjar Norsk Barneblad barnet sitt språklege, medskapande og demokratiske medvit. Norsk Barneblad kjem ut ein gong om månaden, med unnatak for skoleferien.

barneblad.no

Tegn abonnement her!

Merk:
Lenken fører til en ekstern nettside. Tekstallmenningen har ikke abonnementshåndtering for dette tidsskriftet.

Kjøp tidligere utgaver

Andre likte også…

Meny