Utan eit skriftspråk hadde ikkje Norsk Barneblad funnest. Ja, tenk på alt vi ikkje hadde hatt utan alle skriftspråka i verda? Det er ikkje lite det. Norsk Barneblad kan takke ein mann for at vi finst. Ivar Aasen tenkte at nordmenn burde ha sitt eige skriftlege språk. På den tida han levde, var det dansk som var skriftspråket i Noreg. Ikkje alle følte at det var deira språk. Dansk er ikkje norsk. Det var veldig ulikt måten folk snakka på. Ivar Aasen ville gjere noko med dette. Enkelt fortalt så reiste han på kryss og tvers over store delar av Noreg og samla inn ord. Så laga han skriftspråket landsmål, som det først blei heitande. Det blei populært. I dag heiter det nynorsk. Ivar Aasen forstod at det var viktig at alle fekk til å seie si meining på eit skriftspråk dei kjende var sitt. Norsk Barneblad kom allereie i 1887 for at alle barn skulle få lesestoff på norsk. Det er skikkeleg stas at vi finst i dag også. Takka vere Ivar Aasen og arbeidet hans.
Navigasjon










































































