Norsk Barneblad 7-8/2022

65 kr

Tid for dinosaurar
Det er rart å tenke på korleis det var her på jorda før vi kom. Då var det kjempesvære dyr som var sjefane, og ikkje oss. Det var lenge til vi skulle komme. På den tida var dyra mykje større enn i dag fordi lufta inneheldt meir oksygen. Dinosaurane var sjefane. Tyrannosaurus rex var som rex tyder, kongen.
Vi veit ein god del om livet på jorda på den tida, men ikkje alt. Mykje må vi berre tenke oss fram til. Det er ufatteleg mykje ein kan finne ut av gamle beinrestar og avtrykk i stein og kvae. Det er eit krevjande detektivarbeid å setje saman bitar og tolke svaret ein får. Å arbeide som paleontolog, må vere veldig spennande.
Det er litt pussig at ein dyreart som levde for 66 millionar år sidan, enno gir oss så mykje spenning og glede. Dei var både store og nifse. Vi veit mykje om dei, men likevel lite. Berre det, er spennande.
I over hundre år har Hollywood laga filmar om dinosaurar. Du kjenner nok godt til filmen «Jurassic Park» av Steven Spielberg. Filmen er frå 1993, men du kjenner han nok likevel. I filmen klarer forskarar å vekke til live mange ulike dinosaurar ved hjelp av DNA-teknologi. Det blir laga ein flott park der dyra kan leve, og folk kan komme for å sjå dei. Det går veldig gale når ein tyrannosaurus rex klarer å rømme frå parken. I dette nummeret av barnebladet kan du lære nytt om desse dyra.

Bidragsytere

Jørn Hurum

3 på lager

Om utgiveren:


Norsk Barneblad passar til alle barn, gutar og jenter, mellom 8 og 12 år. Bladet har sidan 1887 stimulert barn med nynorsk lese- og skriveglede. Ved å vere ein truverdig og inspirerande inngang til skriftkulturen på tvers av sjangrar og kommersielle interesser, fremjar Norsk Barneblad barnet sitt språklege, medskapande og demokratiske medvit. Norsk Barneblad kjem ut ein gong om månaden, med unnatak for skoleferien.

barneblad.no

Tegn abonnement her!

Merk:
Lenken fører til en ekstern nettside. Tekstallmenningen har ikke abonnementshåndtering for dette tidsskriftet.

Kjøp tidligere utgaver

Andre likte også…

Meny