Norsk Barneblad 9/2022

65 kr

Dei grufulle piratane
Dei har mange namn – sjørøvar, pirat, korsar, buccaner eller kystens brør. Med trebein, ein krok som hand, med lapp over auge og ein papegøye på skuldra. Lang jakke, tresnuta hatt og med gullring i øyra og med fletta skjegg. Det er slik vi ofte tenker på dei, men dette er nesten rein fantasi.
Dårleg betalt arbeid og strenge forhold på land, gjorde at mange såg på sjørøveri som ein måte å skaffe seg eit friare liv på. Rikfolk, landeigarar og adelsfolk gjorde livet hardt for dei som ikkje hadde så mykje. Då blei ikkje vegen så lang for unge sjøfolk med eventyrlyst og pågangsmot så lang.
I det verkelege livet var sjørøverane både vondskapsfulle og grådige. Dei var barbariske menn og kvinner som levde og døydde med pistol eller dolk i handa. Dei brukte sine ofte korte liv på å røve ting frå andre. Trass i dette, så er dei stadig gjort til heltar i filmar og bøker.
Kvifor det?

Bidragsytere

1 på lager

Om utgiveren:


Norsk Barneblad passar til alle barn, gutar og jenter, mellom 8 og 12 år. Bladet har sidan 1887 stimulert barn med nynorsk lese- og skriveglede. Ved å vere ein truverdig og inspirerande inngang til skriftkulturen på tvers av sjangrar og kommersielle interesser, fremjar Norsk Barneblad barnet sitt språklege, medskapande og demokratiske medvit. Norsk Barneblad kjem ut ein gong om månaden, med unnatak for skoleferien.

barneblad.no

Tegn abonnement her!

Merk:
Lenken fører til en ekstern nettside. Tekstallmenningen har ikke abonnementshåndtering for dette tidsskriftet.

Kjøp tidligere utgaver

Andre likte også…

Meny