Smørbukk jula 2025
Forviklingar og misforståingar og mykje styr er det hos Smørbukk, denne jula også. Han og
Trond skulle gjerne hatt litt ekstra pengar til julegåvekjøp. Kanskje ein liten jobb med å skaffe
underskrifter til kampanjen «Grøn jul» kan hjelpe på? Og kven skulle ha den gløymde
julegåva dei fann i ein sekk frå året før på Hjelpesentralen? Ingenting blir som gutane tenker,
men jul blir det, til slutt. Både tekst og teikning av Håkon Aasnes. I 50års-perla bestemmer
gutane seg for å gjere om ein gammal sommarfjøs til fritidsklubb. På same tid kjem eit sirkus
til bygda. Både Smørbukk og Trond har lyst til å sjå førestillinga, men manglar pengar til
billett. Det ordnar seg på uventa vis då sirkusløva kjem seg ut av vogna si. Tekst av
Johannes Farestveit med teikningar av Solveig Muren Sanden.




