Tuss og Troll jula 2025

95 kr

Tuss og Troll jula 2025

I årets Tuss og Troll er det både nye og gamle eventyr. Solveig Murens fine teikning til eventyret «Kvitebjørnen» er framside og første eventyr ut. Teksten er av Johannes Farestveit. Håkon Aasnes har teikna til det nye og hyggelege eventyret av Gard Espeland om postmannen og den uventa julegåva. Det gir oss skikkeleg god julestemning. Meir moro blir det i det nye eventyret av Øyvind Sveen og Ivan Emberland, «Kongeriket og dei harde hjelparane». Her får kultur-Noreg heftig hjelp frå kjende figurar frå Theodor Kittelsens folkekjære maleri. Så byr vi på hyggeleg gjensyn med «Ulv Gråbeinson Bikkjestad» og «Fire ynske» med tekst av Johannes Farestveit og teikningar frå Solveig Muren Sanden

Emner

jul

Bidragsytere

7 på lager

Om utgiveren:

Norsk Barneblad passar til alle barn, gutar og jenter, mellom 8 og 12 år. Bladet har sidan 1887 stimulert barn med nynorsk lese- og skriveglede. Ved å vere ein truverdig og inspirerande inngang til skriftkulturen på tvers av sjangrar og kommersielle interesser, fremjar Norsk Barneblad barnet sitt språklege, medskapande og demokratiske medvit. Norsk Barneblad kjem ut ein gong om månaden, med unnatak for skoleferien.


Kjøp tidligere utgaver

Andre likte også…

Meny