“Alt og ingenting” er ei forteljing om det som er (alt), og det som ikkje er (ingenting), og korleis desse to romma endrar og påverkar einannan. Boka er teikna og skriven for hand. “Alt og ingenting” starta ein måte å arbeida på som prega mange bøker og performanceforedrag i tida etter. Boka førte til Om alt (2011), som igjen førte til 20 bøker i Om noko-serien (2013-2024). Og bok nr. 21 er planlagt for 2027 (Om tillit). Alt og ingenting vart til eit performanceforedrag. Fyrste gong under Forskningsdagene i Bergen i 2004. Boka Om det utan meining (2013) og Det å ikkje-vita-rommet (2026) er to bøker som går vidare med den same tematikken.
Performanceforedraget Alt og ingenting er vist 30 gonger (2004-2011).
Navigasjon




