Ivar Orvedal & Randi Annie Strand

Berøringsstrofer

230 kr

Kunstnarbok med blindeskrift og bilete gjengitt som følbare relieff. Eit samarbeid med biletkunstnar Randi Annie Strand. Blindeskrifta er nytta både som kommunikasjonsform og som kunstnarleg uttrykk, og ho inviterer til undring og ei utvida sanseleg erfaring. Tildelt Leser søker bok-prisen. Omtale: «Boka gjer dei typografiske bileta taktile og ho eggar til refleksjonar: ‘vi vekslar om å vere/den som finn/og den som blir funnen’.»

Emner

4 på lager

Om utgiveren:

Orb Compendium

Orb Compendium er Ivar Orvedal sitt eige forlag og plateselskap. Orvedal er sjølv produsent og samarbeidar tett med multiinstrumentalist og klangvevar Geir Sundstøl. Mastering ved Helge Sten. Det grafiske er utforma i samarbeid med typograf Stefan Ellmer og grafisk designer Rune Døli (Modest). Copy editor er Ingrid Haug. Handverkarar med blikk for det samtidige så vel som det varige, som på framifrå vis spelar på lag med forfattaren sin visjon om samsvar mellom form og innhald i bøkene og platene. Ivar Orvedal er tidlegare småbrukar, skipar av Mårenbiennalen og andre musiske arrangement, musikkmeldar m.m. Medlem i Småbrukarlaget og Forfatterforeningen sidan 1982. Kulturrådet har gjeve støtte til delar av arbeidet.

Litterært, visuelt og tonalt arbeider Ivar Orvedal for å skape ny sangbotn for mytologi, samtidslyrikk og naivistisk daglegtale, gjerne i dialog med dei som gjennom historia – ved hjelp av epokeskapande symbol, tone og artikulasjon – har minnt oss om basisvilkåra for liv og rørsle. Eit arbeid for å ivareta eit utfyllande (komplementært) kunstnarleg uttrykk som er uavhengig av lettseld underhaldning og avkopling. Målsetjinga er at kunst- og kulturskaping derimot skal tene som påkopling – og som inspirasjon for andre som ynskjer å forme og uttrykke det dei ber på, sjølv om det som kjem til syne ikkje alltid liknar den forma alle andre nyttar.

Mykje av innhalde på plateutgjevingane til Ivar Orvedal kan ein også høyre på dagens strømmetenster, men på Book of Post-Hymns finst det spor eksklusivt for den fysiske utgjevinga.

Torild Wardenær, som er røynd og anerkjend poet, har skrive om utgjevingane på Orb Compendium: «Det er sjelden at det ytre ved en bok er like sart og særegent som Postreptilia. Dette forsterkes naturligvis av den harmoniske foreningen mellom form og innhold. Det vitner om Orvedals allsidighet som kunstner – boken Mantra Contra Mantra befinner seg i samme liga. Og rikdommen i de instrumentale og vokale arrangementene i Book of Post-Hymns er slående, og kompletteres av Ivar Orvedals stemme, som formidler tekstene med bemerkelsesverdig dybde og dynamikk.

Det fremstår som dypt sant at Orvedals arbeid tilbyr bevegelse og retning mot de store mysteriene – ja, helt frem til deres innvielser – gjennom det tekstlig. Akkurat det mennesker trenger, og bør utsettes for. Nærmest uanstrengt, treffsikkert, uten at arbeidet kommer i veien, gjør han det nesten-umulige mulig.»


Kjøp tidligere utgaver

Andre likte også…

Meny