Ny bok om norske tidsskrift!
Nye idear og tankar kjem gjerne først til syne i tidsskrifta. Heilt sidan 1700-talet har tidsskrifta vore arena for kritikk, debatt, underhaldning, feidar og folkeopplysning. I vår tid tar dei seg av stadig meir av journalistikken om kunst, kultur og avgjerande kunnskapsområde. Dei fleste kan finne eit tidsskrift for sine interesser, og samfunnsdebatten kan vanskeleg tenkjast utan desse skodeplassane for kvalifisert ordskifte.
Kva er det med tidsskrifta som gjer at dei framleis held stand? Tidsskrifta er like viktige som, og byggjer bruer mellom, universitet, bibliotek, forlag, museum, aviser og litteraturhus. Dei utvidar ytringsrommet, og gjerne på uventa måtar.
Dei siste tjue åra har tidsskrifta organisert seg i kamp for betre levevilkår. I denne antologien har Norsk tidsskriftforening, grunnlagt i 2003, invitert skribentar, redaktørar og forskarar til å diskutere tidsskriftas rolle, og til å peike ut moglege kultur- og mediepolitiske vegar vidare for den kritiske offentlegheita.
Boka er rikt illustrert med foto av norske tidsskrift.
Redaktørar: Audun Lindholm og Bente Riise
Design: Aina Griffin




