Ulf Karl Olov Nilsson

Eg er ingen mordar

299 kr

I denne boka rettar den svenske poeten og psykoanalytikaren Ulf Karl Olov Nilsson (UKON) blikket mot det urimelege, både i livet og utsegnene om det. «Eg har personleg aldri brukt noka atombombe» forsikrar poeten oss om, og held fram: «I dag tidleg drap eg ingen, ingen før lunsj, ingen om ettermiddagen.» Ok, vi trur deg. Men kvifor opplever vi eit slikt ubehag når nokon ivrig forsvarar seg mot ting som ingen har skulda dei for?

Eg er ingen mordar er skriven med like store delar fortviling som godt humør. Det handlar om vald, aldring og dødsdrift. Det handlar om mamma, halvfabrikat og uventa perspektivforskyvingar.

Ulf Karl Olov Nilsson (f. 1965), også kalla UKON, er ein svensk psykolog, psykoterapeut, psykoanalytikar, kritikar og omsetjar.

Emner

poesi

3 på lager

Om utgiveren:

EXISTENZ FORLAG

Existenz forlag er et litterært forlag som spesialiserer seg på poesi, film og filosofi


Kjøp tidligere utgaver

Andre likte også…

Meny