Amina Cain

Ein hest om natta. Om å skrive

299 kr

Dette er ei bok om litteraturen og livet, om dei små setningane og dei lange linjene. Det handlar om litterære vennskap og vennskap mellom menneske og dyr, om erfaringane vi tileignar oss, både åleine og saman med andre.

Amina Cain skildrar korleis verda kjem lagvis til syne, når landskap, personar og kunstverk overlappar og blir til noko anna. I ein personleg dialog med forfattarar som Duras, Ferrante, Vesaas, Jansson, Gladman og Woolf oppstår tankevekkande observasjonar og erkjenningar som inspirerer til både lesing og skriving.

Med Ein hest om natta blir Amina Cain utgitt på norsk for første gong. Julia Aagenæs Wiedlocha står for omsetjinga, og Gunnhild Øyehaug har skrive etterord.

11 på lager

Om utgiveren:

SLOW FIRE PRESS

Slow Fire Press blei starta av David Aasen med ei gjendikting av Mary Burger (Guten som kunne flyge) i 2007. Forlaget gir ut interessante bøker og hefte i mindre opplag: roman, prosa, essay, samtaler, foto og poesi.


Kjøp tidligere utgaver

Andre likte også…

Meny