Kurt Johannessen

Ein stein og det bortanfor

350 kr

Ei ny samling med korte eksistensielle, poetiske, surrealistiske og til tider humoristiske tekstar. Tekstane er i slekt med tidlegare tekstsamlingar der fjell, steinar, røynda, bamsemumsar, Gud, ingenting og mykje anna dukkar viser seg. «Ingen av dei andre trea skjøna noko av det at
det vesle treet likte seg best saman med steinane.»
«Røynda vakna brått opp frå den underlege draumen.»

Bidragsytere

Kurt Johannessen

5 på lager

Om utgiveren:

ZETH FORLAG/ KURT JOHANNESSEN

Kurt Johannessen (f. 1960) gav ut sin fyrste artist’s book i 1984. I 1999 oppretta han sitt eige forlag, Zeth Forlag, som alle bøkene kjem ut på. Mange av hans bøker er tekstrelaterte, men nokre er laga med utgangspunkt i teikningar eller foto. Tekstarbeida er ofte fortellingar på ei setning. Dei er visuelle, poetiske, og til tider humoristiske. I 2013 starta han bokserien Om-noko. Det vart 19 bøker i serien og mange av dei var grunnlag for ulike performanceforedrag. Desse bøkene ligg i kryssingspunktet mellom filosofi/bildekunst/poesi/vitskap. Johannessen har utgitt over 100 bøker.

zeth.no


Kjøp tidligere utgaver

Andre likte også…

Meny