Kurt Johannessen

Evolusjon

350 kr

Denne boka gav Kurt Johannessen ut i 2002. Det er ein skjult liten skatt. Ei forteljing som ikkje har noko tydeleg slutt, men svinn inn i si eige forteljing. Ein tekst går gjennom boka med ei setning på kvar side. Det er ei forteljing om ei gradvis endring som får store konsekvensar for alle. Endringa er tilsynelatande ubetydeleg i byrjinga, men på sikt vil det verte katastrofalt. Trass i ein enorm aktivitet for å finne ut kvifor endringa finn stad, er det vanskeleg å finne noko svar.

Bidragsytere

Kurt Johannessen

4 på lager

Om utgiveren:

Kurt Johannessen (f. 1960) gav ut sin fyrste artist’s book i 1984. I 1999 oppretta han sitt eige forlag, Zeth Forlag, som alle bøkene kjem ut på. Mange av hans bøker er tekstrelaterte, men nokre er laga med utgangspunkt i teikningar eller foto. Tekstarbeida er ofte fortellingar på ei setning. Dei er visuelle, poetiske, og til tider humoristiske. I 2013 starta han bokserien Om-noko. Det vart 19 bøker i serien og mange av dei var grunnlag for ulike performanceforedrag. Desse bøkene ligg i kryssingspunktet mellom filosofi/bildekunst/poesi/vitskap. Johannessen har utgitt over 100 bøker.

zeth.no


Kjøp tidligere utgaver

Andre likte også…

Meny