I 2020 gjennomførte kunstnar Arild Våge Berge ei utsmykking av Sogn og Fjordane Tingrett og Jordskifterett i regi av Kunst i Offentleg Rom (KORO). Prosjektet gjekk ut på å samle ulike materialer frå natur, bedrifter, gardsbruk, institusjonar og private frå det gamle fylket Sogn og Fjordane. Materiala vart deretter nytta som bestanddelar i eit kunstverk som i dag står i foajéen til rettsbygninga i Førde. Publikasjonen er ei fotografisk og tekstleg skildring av reisene Berge foretok i fylket under innsamlingsarbeidet. Boka inneheld dokumentasjon av arkivet av gjenstandar Berge bygde opp i laupet av denne perioda. Disse gjenstandane danner også skulpturane som nå utsmykker Tingretten.
Navigasjon