UKON

Forklaringsopplysningane

400 kr

Ulf Karl Olov Nilsson (f. 1965), også kalla UKON, er ein svensk poet og psykoanalytikar. Han debuterte i 1990 med diktsamlinga Kungkung, slo gjennom med Stammar i 2002, romandebuterte i 2014 med Jag befinner mig i ett överflöd av kärlek, og har også utgitt fleire essaybøker og gjendiktingar.

UKON viser at poesi kan vere eit vis å sjå verda på, gjennom ei ramme av ulike system og dikt som er både konseptuelle og politiske, realistiske og absurde. Med stor respekt og omtanke auser han av si lange røynsle som klinisk psykolog og psykoanalytikar i ei kontinuerleg språkleg omsetting og omforming.

Dette diktutvalet blei første gong publisert i 2019, og blir no trykt opp i 60 eksemplar i anledning UKONs 60-årsjubileum. Alle eksemplara er signert av forfattaren og nummerert.

Utval, gjendikting og etterord ved Monica Aasprong.

Slow Fire Press #9

Bidragsytere

Monica AasprongUKON

8 på lager

Om utgiveren:

SLOW FIRE PRESS

Slow Fire Press blei starta av David Aasen med ei gjendikting av Mary Burger (Guten som kunne flyge) i 2007. Forlaget gir ut interessante bøker og hefte i mindre opplag: roman, prosa, essay, samtaler, foto og poesi.


Kjøp tidligere utgaver

Andre likte også…

Meny