Jon Fosse

Fridtjov & Ingebjørg

299 kr

Fridtjov & Ingebjørg er ei forteljing om vennskap og makt og samstundes ei av dei mest underhaldande sogene om og frå vikingtida. Boka er ein frodig illustrert og forenkla versjon av den kjende norrøne soga om Fridtjov den frøkne.

Soga handlar om Fridtjov frå Sogn og hans kjærleik til Ingebjørg, dotter til kong Bele. Etter at kongen døyr, kjem Fridtjov og brørne til Ingebjørg i krangel. Brørne er i mot eit bryllaup mellom Ingebjørg og Fridtjov. Dei driv Fridtjov frå garden og gifter etter kvart systera bort til den mange tiår eldre kong Ring. Men Fridtjov er klok og får til slutt både Ingebjørg og kong Ring sitt store rike.

Dei siste ti-åra har denne delen av den norske kulturarven vore vanskeleg tilgjengeleg. I fjor vart nyomsetjinga av heile den gammalnorske teksten utgitt i ny språkdrakt av Jon Fosse, Soga om Fridtjov den frøkne (SKALD, 2013).

Med den illustrerte og lettlesne Fridtjov & Ingebjørg vert den handlingsmetta Romeo og Julie-forteljinga frå vikingtida no for første gong utgitt i familieutgåve.

Emner

2 på lager

Om utgiveren:

Skald forlag

Skald gir ut bøker innan sakprosa og skjønnlitteratur. Forlaget er også spesialisert på produksjon av oppdragsbøker, firmagåver, jubileumsbøker og skreddarsyr bøkene etter individuelle behov.

Målet vårt er å gi ut bøker med kvalitet i alle ledd – frå det skrivne ordet til materiale og innbinding. Bøkene våre skal vare.

Vi har sterkt fokus på design, taktilitet og materialitet, og samarbeider med Noregs fremste bokdesignarar. Mange av bøkene har blitt premierte under konkurransen Årets Vakreste Bøker som kvart år vert utdelt i regi av Grafill.

Skald AS vart skipa i 1991 av Jon Skjerdal og Lars Nes. Forlaget har hovudkontor i Gamlehotellet i Leikanger i Sogndal kommune.


Kjøp tidligere utgaver

Andre likte også…

Meny