Denne gjendiktinga av Mary Burgers The boy who could fly (2002), er den første utgivinga frå Slow Fire Press. Heftet blei utgitt i 2007, det er på 32 sider, handsydd og trykt i 200 eksemplar. Omslagsillustrasjon av Mette Karlsvik. Gjendikting av David Aasen. Guten som kunne flyge er eit forsøk på å sette saman ulike helteforteljingar, for å undersøke måten tekstfragmenta bryt med eller blir vevd inn i kvarandre på: «Det er ikkje muleg å vite kva som skjer når det skjer. Dette er historie. Det er ikkje muleg å vite kva som skjer når det ikkje lenger skjer. Dette er forteljing, dette er fiksjon, dette er fantasi».
Navigasjon