Bok kan forhåndsbestilles, lansering 21.mars
Liten fugl er ei bok, men også ei kiste full av overraskingar. På sidene finn vi menn som blir til eldfluger og kvinner som har ein liten fugl i lomma på jobbintervju, eller med eit blikk forvandlar hagearbeid til performans. Nokre av forteljingane går føre seg i Nord-Noreg, andre i Peru, og andre igjen på ikkje bestemte stader. Men uansett landskap går hovudpersonane gjennom kvardagen som om den både var deira eige territorium – og ein lett hallusinasjon. For her blir alle rom uvisse: Migrasjonen er ikkje berre geografisk, men også emosjonell og mental. I desse tekstane blandar sorg, framandkjensle, humor seg i eit undrande – nærmast magisk – blikk på verda. Slik kastar Liten fugl lys over mørke soner i tilværet og forvandlar dei til små openberringar.




