Werner Herzog

Om å gå i frost

349 kr

I november 1974 får Werner Herzog ein telefon ­om at Lotte Eisner, den berømte filmhistorikaren, ­er ­alvorleg sjuk. Han bestemmer seg for å gå frå München til Paris, utstyrt berre med ein ryggsekk, eit kompass og ei notatbok. Han inngår ei pakt med seg sjølv: Om han klarer å gå heile vegen – ein 800 ­kilometer lang tur – så vil «Eisnerinna» overleve. Om å gå i frost er ei merkverdig lita bok om viljens makt og ­avmakt, og ikkje minst om den innsikta som berre kan stamme frå kroppen. Notata til Herzog skildrar landskapet, vandringa og hans eigne indre kampar.

Omsett frå tysk av Gunstein Bakke. Etterord av Mikaela Blomqvist.

*

Den tyske filmskaparen Werner Herzog (f. 1942) har laga nokre av verdas mest kjende doku­mentar- og spelefilmar, og har mottatt ei lang rekke prisar og utmerkingar. Til verket hans høyrer også bok­utgivingar og operaer. Med Om å gå i frost blir eit litterært verk av Herzog for første gong gitt ut på norsk.

7 på lager

Om utgiveren:

SLOW FIRE PRESS

Slow Fire Press blei starta av David Aasen med ei gjendikting av Mary Burger (Guten som kunne flyge) i 2007. Forlaget gir ut interessante bøker og hefte i mindre opplag: roman, prosa, essay, samtaler, foto og poesi.


Kjøp tidligere utgaver

Andre likte også…

Meny