Kurt Johannessen

Om altet

280 kr

Om altet er den nittande og siste boka i Om-noko serien. Den er som ein indeks over meir eller mindre kjende og ukjende omgrep som er nytta i bøkene. Mange nye ord er kome til og mange ord har fått nytt eller skjerpa innhald og bruk. Denne boka er ei samling av mange av dei omgrepa eg har funne og nytta på vegen. Om altet er ikkje ein indeks som reiser frå a til å. Det er ei forteljing som går frå ein til altet til notid, til rørsler og endring, til konstruksjonar, tankar og om. Boka er kjøpt inn gjennom innkjøpsordninga til Norsk kulturråd.

Innhald
Ein og altet
Pust og rørslene
Notid
Konstruert tid
Det å observera
Tankane og konstruksjonane

Bidragsytere

Kurt Johannessen

3 på lager

Om utgiveren:

ZETH FORLAG/ KURT JOHANNESSEN

Kurt Johannessen (f. 1960) gav ut sin fyrste artist’s book i 1984. I 1999 oppretta han sitt eige forlag, Zeth Forlag, som alle bøkene kjem ut på. Mange av hans bøker er tekstrelaterte, men nokre er laga med utgangspunkt i teikningar eller foto. Tekstarbeida er ofte fortellingar på ei setning. Dei er visuelle, poetiske, og til tider humoristiske. I 2013 starta han bokserien Om-noko. Det vart 19 bøker i serien og mange av dei var grunnlag for ulike performanceforedrag. Desse bøkene ligg i kryssingspunktet mellom filosofi/bildekunst/poesi/vitskap. Johannessen har utgitt over 100 bøker.

zeth.no


Kjøp tidligere utgaver

Andre likte også…

Meny