Kurt Johannessen

Om det transparente

250 kr

Om noko-serien nr. 8
Om det transparente byggjer på erfaringar frå fleire tidlegare bøker i serien. Boka ser meir på høvet mellom ein og det omkring ein, noko som starta i Om pust (2012). Korleis fungerer innpust/det innover og utpust/det utover når einhinna er lukka, og korleis fungerer innpust/det innover og utpust/det utover når einhinna er open? Kva hender i møtet mellom ein og det omkring ein, og korleis påverkar tilstanden til einhinna pust? Kva hender når det transparente er til stades i ein? Er grensa mellom «ein» og «det omkring ein» ein illusjon? Desse spørsmåla opna opp for omgrepa «Det transparente» og «Det opne rommet», omgrep som skulle bli viktige i mange seinare bøker. Samstundes var det viktig for tydeleggjering av innhaldet i dei to romma altet/røynda og konstruksjonane/forteljingane.
Performanceforedraget Om det transparente er vist 2 gonger (2015).
Boka er innkjøpt av Norsk Kulturråd.

Bidragsytere

Kurt Johannessen

4 på lager

Om utgiveren:

ZETH FORLAG/ KURT JOHANNESSEN

Kurt Johannessen (f. 1960) gav ut sin fyrste artist’s book i 1984. I 1999 oppretta han sitt eige forlag, Zeth Forlag, som alle bøkene kjem ut på. Mange av hans bøker er tekstrelaterte, men nokre er laga med utgangspunkt i teikningar eller foto. Tekstarbeida er ofte fortellingar på ei setning. Dei er visuelle, poetiske, og til tider humoristiske. I 2013 starta han bokserien Om-noko. Det vart 19 bøker i serien og mange av dei var grunnlag for ulike performanceforedrag. Desse bøkene ligg i kryssingspunktet mellom filosofi/bildekunst/poesi/vitskap. Johannessen har utgitt over 100 bøker.

zeth.no


Kjøp tidligere utgaver

Andre likte også…

Meny