Kurt Johannessen

Om det utan meining

250 kr

Om noko-serien nr. 4
Om tankar og Om det utan meining er begge bøker som tar for seg det rommet der tankane, meiningane, konstruksjonane bur. Om det utan meining har tydelege referansar til Alt og ingenting (2004). Det utan meining er ikkje det same som det meiningslause. Det meiningslause er del av meininga, men inneheld lite eller inga brukbar meining. Det utan meining er noko heilt anna. Det svever fritt utanfor alt som har med meining å gjera. Rommet der meiningane bur, har ei annan form for natur enn det einingar i altet har. I rommet til meiningane finn ein mykje klatring, rangeringstrådar, meiningsnettverk, klatring, ikkje-klatring, meiningsretningar, det meiningslause suget, gravitasjon og det-utan-meining-dråpane. Etter kvart som Om noko-prosjektet vaks fram, vart skiljet mellom rommet til meininga og rommet til einane (altet) tydelegare og tydelegare.
Performanceforedraget Om det utan meining er vist 4 gonger (2013).

Bidragsytere

Kurt Johannessen

3 på lager

Om utgiveren:

ZETH FORLAG/ KURT JOHANNESSEN

Kurt Johannessen (f. 1960) gav ut sin fyrste artist’s book i 1984. I 1999 oppretta han sitt eige forlag, Zeth Forlag, som alle bøkene kjem ut på. Mange av hans bøker er tekstrelaterte, men nokre er laga med utgangspunkt i teikningar eller foto. Tekstarbeida er ofte fortellingar på ei setning. Dei er visuelle, poetiske, og til tider humoristiske. I 2013 starta han bokserien Om-noko. Det vart 19 bøker i serien og mange av dei var grunnlag for ulike performanceforedrag. Desse bøkene ligg i kryssingspunktet mellom filosofi/bildekunst/poesi/vitskap. Johannessen har utgitt over 100 bøker.

zeth.no


Kjøp tidligere utgaver

Andre likte også…

Meny