Om røynda og konstruksjonane (2016) er den tiande boka i serien Om noko. Denne boka ser på verkeleg notid og konstruert notid. Me ser på kvifor det er så viktig for komplekse einar å sansa kva som er verkeleg notid og konstruert tid. Det viser seg at konstruert tid er primærkonstruksjonen som alle sekundærkonstruksjonar veks ut frå. Alle konstruksjonar er knytte til konstruert tid. Verkeleg notid arbeider med si oppgåve, og bryr seg lite om og med konstruksjonane. Røynda bryr seg heller ikkje om konstruksjonane. Røynda berre er. Røynda er. Boka er kjøpt inn gjennom innkjøpsordninga til Norsk kulturråd.
Navigasjon




