Jonas Øren

Scenekunstklassiker 9 / « Ingun Bjørnsgaard Prosjekt: pli á pli» + «Ghostdancing»

200 kr

Eg har aldri sett pli á pli live.

23. mars 2012 såg eg ei filmvisning av dokumentasjonen av pli á pli. Visninga var ein del av programmet under 20-årsjubileet til kompaniet Ingun Bjørnsgaard Prosjekt. Å skrive om ei danseframsyning eg ikkje har opplevd levande framført legg til rette for refleksjon rundt det eg meiner er dansens hovudpotensiale: ephemera. Når eit scenekunstverk blir igjen i minnet som eit viktig og kanskje også nostalgisk referansepunkt, blir noko skapt av å tenke på kva som gjorde at eg likte verket så godt i tida eg såg det. Og ikkje minst utvide ideen om verket ved å spekulere på korleis eg ville ha sett og lest det med dagens auge. Korleis utviklar forståinga av verket seg og korleis står det seg i møtet med (sam-)tidas tann og tendensar?

I denne boka reflekterer dansekunstnar Jonas Øren over korleis tid gir ny dimensjon til dansen, og korleis dette påverkar forståinga hans av det som imponerer og utfordrar, og det som blir opplevd som originalt og komplekst.

9 på lager

Om utgiveren:

Black Box teater

Black Box teater ble grunnlagt i 1985. Det er et av programmeringsteatrene i Norge som produserer og presenterer internasjonal og norsk samtids-scenekunst.

Black Box teater har, gjennom sin over 30 år lange historie, utviklet seg til å bli et teater med en sterk kunstnerisk identitet. Teatret er dedikert til samtidige og eksperimentelle former for kunst, programmering av norske og internasjonale kompanier samt både nye og etablerte kunstnere.


Kjøp tidligere utgaver

Andre likte også…

Meny