Konstantin Küspert

Slaveliv

299 kr

Skodespelet Slaveliv tek publikum med på fleire ulike tankeeksperiment for å snu på vande førestillingar, ofte ved hjelp av små, enkle og provoserande grep. Det minner om ein slags heseblesande montasje der vi skal gjennom mange uttrykk og sjangrar. Slaveliv er ein kabaret over forbrukarsamfunnets blindsoner. Klede, elektronikk, matvarer, skjønnheitsprodukt, store idrettsarrangement – heile den vestlege levestandarden er fundert på at nokon gjer ein jobb under forhold vi aldri kunne finne på å akseptere. Vi veit at det finst, men vi vel alle aktivt å fortrengje den uretten som ikkje rammar oss sjølve. Slaveliv er eit slags brechtiansk lærestykke på speed. Küspert tek opp temaet gjennom ulike scenario som set grunnlaget for livsførselen vår i eit grelt lys. Men slapp av! Det blir gjort med humor.

Emner

Bidragsytere

3 på lager

Om utgiveren:

EXISTENZ FORLAG

Existenz forlag utgir samtidsfilosofi, eksistensialisme, russisk tenkning, filmlitteratur, essays, dramatikk, poesi og romaner – både norsk og oversatt.


Kjøp tidligere utgaver

Andre likte også…

Meny