Kurt Johannessen

The Hair Collection

350 kr

The Hair Collection var eit innsamlingsarbeid som strekte seg over 10 år. Mange gav eitt hår til samlinga. Alle håra er samla og er saman. Dei som gav hår gav òg informasjon om seg sjølv og gåva:

  • Namn på givar/på kven håret har grodd
  • Fødeår/året då håret kom inn i tida
  • Fødeland/ landet der håret kom inn i verda
  • Dato då håret forlét givaren, for å bli saman med dei andre håra i The Hair Collection
  • Landet givaren var i då håret forlét givaren for å bli saman med dei andre håra i The Hair Collection

Boka The Hair Collection inneheld denne informasjonen om alle givarane, og litt informasjon om prosjektet. Boka har berre engelsk tekst.

Lupe/miniforstørringslass følgjer med boka!

Emner

Bidragsytere

Kurt Johannessen

5 på lager (kan restbestilles)

Om utgiveren:

Kurt Johannessen (f. 1960) gav ut sin fyrste artist’s book i 1984. I 1999 oppretta han sitt eige forlag, Zeth Forlag, som alle bøkene kjem ut på. Mange av hans bøker er tekstrelaterte, men nokre er laga med utgangspunkt i teikningar eller foto. Tekstarbeida er ofte fortellingar på ei setning. Dei er visuelle, poetiske, og til tider humoristiske. I 2013 starta han bokserien Om-noko. Det vart 19 bøker i serien og mange av dei var grunnlag for ulike performanceforedrag. Desse bøkene ligg i kryssingspunktet mellom filosofi/bildekunst/poesi/vitskap. Johannessen har utgitt over 100 bøker.

zeth.no


Kjøp tidligere utgaver

Andre likte også…

Meny