Kurt Johannessen

The Speeches on Kindness

380 kr

The Speeches on Kindness er bok nummer 8 i bildebokserien The Transparent series. Ulike foto av strå er vist gjennom boka. Fotografia er trykt på kalkerpapir, slik at de ulike bilda glir i kvarandre. Titlane på bøkene i denne serien har mykje slektskap til tekstar frå bøkene med kompakt innhald. Serien starta samstundes som boka Som kom ut. Alle bøkene i serien er innbunde for hand, signert og nummerert.

Bidragsytere

Kurt Johannessen

3 på lager

Om utgiveren:

Kurt Johannessen (f. 1960) gav ut sin fyrste artist’s book i 1984. I 1999 oppretta han sitt eige forlag, Zeth Forlag, som alle bøkene kjem ut på. Mange av hans bøker er tekstrelaterte, men nokre er laga med utgangspunkt i teikningar eller foto. Tekstarbeida er ofte fortellingar på ei setning. Dei er visuelle, poetiske, og til tider humoristiske. I 2013 starta han bokserien Om-noko. Det vart 19 bøker i serien og mange av dei var grunnlag for ulike performanceforedrag. Desse bøkene ligg i kryssingspunktet mellom filosofi/bildekunst/poesi/vitskap. Johannessen har utgitt over 100 bøker.

zeth.no


Kjøp tidligere utgaver

Andre likte også…

Meny