Per Helge Genberg

Trekkje seg attende, snøstrimestilt

399 kr

Kven er vi, når vi legg alle korta på bordet for oss sjølve og gjer opp rekneskap? Kan vi finna ro i møte med den vi har blitt, og forteljinga om liva våre? «Trekkje seg attende, snøstrimestilt» er den fjerde boka i den kritikarroste krinsen om sauebonden og dei tre kjærleikane: Gud, sauene og mannen. Her møter vi ein forfattar som går seg sjølv nærare etter i saumane enn tidlegare. Boka er eit reflekterande oppgjer med trongen vår til å halde fast ved det gamle og vonde, i brytning med det gode. Kva vel vi å hugse, og korleis konstruerer vi vår eiga historie? Dette er ei lyrisk samling prosatekstar, fortalt med stor kraft og sakrale overtonar.

Per Helge Genberg (f. 1959) er frå Lierne og bur i dag på Levanger. Han er pensjonist og bonde, har heile yrkeslivet arbeidd som byråkrat, og har hovudfag i nordisk språk og litteratur. Han debuterte med «Finna kyrkjedøra i meg» (2018), og har sidan gjeve ut bøkene «Å bera nakne nyklar» (2019) og «Og prosjekta skal bleikne» (2020). Familie: mannen Øystein og sauene Øyfrid, Velaug, Henriette, Kirsten, Gunda, Årolilja, Engel, Tordis, Lindborg, Bodhild og Sindrella Pauline.

3 på lager

Om utgiveren:

Måken forlag

Måken forlag er et lite, uavhengig forlag. Vi velger bøkene vi utgir med hjertet. Vi tror på unike perspektiver, som noe som bringer verden fremover. Og vi tror at gode bøker kan redde den. Til sammen betyr det at vi utgir bøker med kjærlighet, stolthet og unikhet.


Kjøp tidligere utgaver

Andre likte også…

Meny