Byung-Chul Han

Utmattingssamfunnet

349 kr

Vi blir utbrende og ulykkelege – ikkje fordi ei streng røyst utanfor oss sjølve nektar oss å forfølgje draumane våre, men fordi vi høyrer ei stemme inni oss kviskre: Kom igjen, bli den beste utgåva av deg sjølv. Dette er bodskapen til Byung-Chul Han, som med det filosofiske essayet Utmattingssamfunnet etablerte seg som ein skarp ­kritikar av prestasjonskulturen. Her skildrar han korleis det stadige presset om å meistre og oppnå mest mogleg, fører til ei ­kollektiv utmatting – men han presenterer også ein måte å løyse ­dette på. Bøkene hans er omsett til meir enn 30 språk, og med Utmattingssamfunnet blir han for første gong utgitt på norsk.

Boka er omsett frå tysk av Runa Kvalsund. Fredrik Wilhelmsen har skrive forordet.

*
Byung-Chul Han er fødd i Seoul i 1959. Han studerte filosofi, tysk ­litteratur og ­katolsk teo­logi i Freiburg og München. Sidan har han undervist på ­Universitetet i Basel og ved Staatliche Hochschule für Gestaltung Karlsruhe og har vore ­pro­fessor i filosofi ved Universität der Künste Berlin. No er han forfattar på heiltid, busett i Berlin.

10 på lager

Om utgiveren:

SLOW FIRE PRESS

Slow Fire Press blei starta av David Aasen med ei gjendikting av Mary Burger (Guten som kunne flyge) i 2007. Forlaget gir ut interessante bøker og hefte i mindre opplag: roman, prosa, essay, samtaler, foto og poesi.


Kjøp tidligere utgaver

Andre likte også…

Meny