Berit Opheim

Vossasongar

399 kr

Folkesongen i vossabygdene er mangslungen og variert. Stev, bånsullar, mellomalderballadar, skillingsviser, religiøse folketonar og lokking har levd side om side i mange hundre år.

Med «Vossasongar» har Berit Opheim dokumentert 554 folketonar frå tre bygder som tidlegare var delte inn i eigne herad: Evanger, Voss og Vossestrand. Lydutgjevinga har med nokre arkivopptak av eldre songkjelder, men dei aller fleste opptaka er nyinnspelingar. Denne boka inneheld tekstane til songane i tillegg til korte biografiar om 45 songkjelder som alle har gjort sitt for å føra denne songtradisjonen vidare.

Emner

Bidragsytere

Berit Opheim

3 på lager

Om utgiveren:

FONNA FORLAG

Føretaket vart grunnlagt i 1933 – 1934 som Nynorsk Vekeblad. I 1940 bytta ein namn til Fonna Forlag LL. Føremålet var å gje ut vekeblad og anna populærlitteratur på nynorsk og dialekt. Det er det framleis, og i tillegg kjem det ei og anna utgjeving på samisk. Gav ut oppslagsverket Norsk Allkunnebok 1948–1966. Takka nei til Jon Fosse i 1982.
Forlaget held til i Oslo.


Kjøp tidligere utgaver

Andre likte også…

Meny