Bok & bibliotek 1/2025

169 kr

Leselyst er tema, og vi ser på det frå mange vinklar. Bli med til yrkesskulen i Stavanger der alle elevane har knekt lesekoden, og til Lillehammer – byen der PISA-tala går motsett veg. Du blir også betre kjent med Lesesenteret sitt arbeid, og så har vi intervjua den danske leseforskaren som har forska på born si leseulyst. Trengs det politiattest for dei som skal jobba med born på bibliotek? spør vi. Treng dei som tek bibliotekfag meir praksis i studiet? Kva er klimaavtrykket til ei bok? Og kor mange gamle bøker bør ein ta vare på, og ikkje minst korleis? Elles finn du saker om vondskap i barnelitteraturen, ein kjend bibliotekar som sjarmerte nonner ut av sitt gode skapular, Gro Dahle-kryssord, ny quiz og verdspremiere på teikneseriestripa om bibliotekarane Bibbi og Bob.

4 på lager

Om utgiveren:


Bok & bibliotek er Noregs første, største og einaste uavhengige bibliotektidsskrift, etablert i 1934 med røter tilbake til 1907. Bladet tar opp tema, trender og nyhende som vedkjem bibliotek og bibliotekpolitikk – som nye arbeidsformer, teknologi, kulturformidling og bibliotekforsking. I dei fire årlege utgåvene finn du også forfattarportrett, kryss og quiz, bokomtalar og lesetips. Bladet følger Redaktørplakaten. Utgjevar er ABM-Media AS.

Tegn abonnement her!

Merk:
Lenken fører til en ekstern nettside. Tekstallmenningen har ikke abonnementshåndtering for dette tidsskriftet.

Kjøp tidligere utgaver

Andre likte også…

Meny