Bok & bibliotek 2025/03

169 kr

Bli med på bibliotekverdskongress i Kasakhstan. Toppleiinga i den internasjonale bibliotekføderasjonen IFLA svarar om demokratiske utfordringar. Møt også bibliotekprofessorar frå Russland som stiller seg fullt og heilt bak den russiske bibliotekforeninga si innlemming av bibliotek på okkupert land i Ukraina, og indonesiske bibliotekarar som nyttar nøytralitetsprinsippet til å bevara spor av skeive liv i eit land der LHBTQ+ framleis er tabu. Du kan lesa om norske bibliotek med lite eller ingen pengar til å kjøpa bøker, og om gaming som kunst i eit essay av den superpopulære youtubaren Jacob Geller. Helge Ridderstrøm skriv om den hatefulle hundreåringen «Mein Kampf». Og skal biblioteka ta stilling til folkemordet på Gaza? Dette blir grundig diskutert i ei rekke debattinnlegg.

1 på lager

Om utgiveren:


Bok & bibliotek er Noregs første, største og einaste uavhengige bibliotektidsskrift, etablert i 1934 med røter tilbake til 1907. Bladet tar opp tema, trender og nyhende som vedkjem bibliotek og bibliotekpolitikk – som nye arbeidsformer, teknologi, kulturformidling og bibliotekforsking. I dei fire årlege utgåvene finn du også forfattarportrett, kryss og quiz, bokomtalar og lesetips. Bladet følger Redaktørplakaten. Utgjevar er ABM-Media AS.

Tegn abonnement her!

Merk:
Lenken fører til en ekstern nettside. Tekstallmenningen har ikke abonnementshåndtering for dette tidsskriftet.

Kjøp tidligere utgaver

Andre likte også…

Meny