Bok & bibliotek 2025/04

169 kr

Det er urolege tider, også i biblioteka. Denne utgåva set søkelys på det aukande problemet med unge som skapar sosial uro. I Vågsbygd braut ein gjeng seg inn i biblioteket på nattetid, i Ski opplevde fleire tilsette utrygge situasjonar og observerte det som truleg var omsetting av illegale rusmiddel. I Oslo møter dei liknande utfordringar med å tilsetta unge med lokal tilknyting. Elles har vi vore både i USA og Argentina, spurt leseforskarane Terje Hillesund og Marika Lüders om kva nye format for titting og skrolling gjer med oss, og intervjua avtroppande Aslak Sira Myhre om hans elleve år i nasjonalbibliotekarstolen.

Emner

5 på lager

Om utgiveren:


Bok & bibliotek er Noregs første, største og einaste uavhengige bibliotektidsskrift, etablert i 1934 med røter tilbake til 1907. Bladet tar opp tema, trender og nyhende som vedkjem bibliotek og bibliotekpolitikk – som nye arbeidsformer, teknologi, kulturformidling og bibliotekforsking. I dei fire årlege utgåvene finn du også forfattarportrett, kryss og quiz, bokomtalar og lesetips. Bladet følger Redaktørplakaten. Utgjevar er ABM-Media AS.

Tegn abonnement her!

Merk:
Lenken fører til en ekstern nettside. Tekstallmenningen har ikke abonnementshåndtering for dette tidsskriftet.

Kjøp tidligere utgaver

Andre likte også…

Meny