Endeleg er det håp for lydbokutlån i folkebiblioteka – men kva vil det kosta? I denne utgåva forklarar vi den anbefalte utlånsmodellen som Nasjonalbiblioteket og Forleggarforeininga er samde om og spør kva den vil bety.
Vi besøker også det nye pasientbiblioteket på Rikshospitalet – ein døgnopen fristad utan dører – og fortel om det stikk motsette på Haukeland, der pasientbiblioteket skal leggast ned.
I Øyfjell i Vest-Telemark sakna foreldre og ungar bibliotek om sommaren. Då bygde dei seg eit. Og i Coimbra i Portugal har flaggermusene rydda hyllene kvar natt sidan 1700-talet.
I denne utgåva finn du også svaret på korleis Haugesund tredobla talet på unge lånarar på fem år, om gaming og rollespel kan skapa politisk engasjement, kva mikrosensur er og kvifor er det eit større problem enn vi likar å tru.
Jørgen Watne Frydnes skriv dessutan om minnet som motstand, og ordskiftet om Gender Queer held fram.




















