Kommunekommisjonen vil flytta over 100 millionar øyremerka skulebibliotekkroner inn i kommunane sine frie rammer. Er det lurt? Vi spør forskarar, fagforeiningar, KS og statssekretæren. Vi har òg intervjua leseforskar Tove Stjern Frønes, og ho er ikkje i tvil: Lik tilgang til skulebibliotek er nøkkelen til lesekultur.
Kvart år blir papiret i over éin million norske bibliotekbøker brent opp. Silje Pileberg har snakka med klimaforskarar og bransjefolk og besøkt Franzefoss sitt svære gjenvinningsanlegg i Oslo og for å finna ut om det er sånn det må vera. Kan bøkene heller enda i den store tyske boksuppemaskina, for eksempel?
I Haugesund har biblioteksjef Siri Vikse rekna ut at kvar krone inn i folkebiblioteket gir åtte kroner ut. I Stavanger får vi sjå korleis 490 elevar deler på to skulebibliotekarar med romslege budsjett ved International School of Stavanger. Og i Gratangen i Troms deler biblioteksjef Viktoriia Chumak beredskapserfaringar frå biblioteket i den ukrainske landsbyen der ho vaks opp.
Du finn også saker om lesarundersøkinga vår, felles KI-retningslinjer i bokbransjen og fersk fransk forsking på gratisprinsippet, og ei bokmelding av Kari J. Spjeldnæs si nye bok Lesekrise.
Debatt er det òg, om Sommarles, kjeldebevisstheit og biblioteket sin plass i totalberedskapen. Og i eit fagessay om Habermas peikar professor Ragnar Andreas Audunson på problematiske sider ved at biblioteka let seg bli reiskapar for styresmaktene sin beredskapspolitikk.





















