Bok & bibliotek 2026/03

189 kr

I denne utgåva går vi tett på kunstig intelligens i fag- og folkebibliotek gjennom intervju med fire personar som sit tett på og har tenkt mykje rundt dette: Bjørn Kjetil Fredriksen i KS Digital snakkar om korleis bibliotek kan bruka KI utan å mista tillit, bibliotekdirektør Jesper Mørch ved Universitetet i Agder reflekterer rundt korleis biblioteket kan møta utfordringa med studentar som ikkje lenger les, Jardar Leira I Sikt forklarer bakgrunnen for deira eigen KI-sandkasse, og den danske teknologifilosofen Sune Selsbæk-Reitz åtvarar mot «promptisme» – den naive tanken om at noko er sant fordi det er godt formulert.

Vi har også besøkt Tekstallmenningen i Bergen. Frå 20 kvardratmeter i Markveien kjempar dei for tidsskrifta på gatenivå. Bli med på redaksjonsmøte i det ferske ungdomsbladet Stikling, og lær meir om korleis ditt bibliotek kan få hjelp til å formidla tidsskrift for lesarar på alle alderstrinn.
Vindafjord bibliotek tilbyr innbyggarane matnyttig kunnskap i ei eiga beredskapssamling. Og i Stavanger fann Musikkbiblioteket lokal musikkhistorie og 40 år gamle post-it-lappar då dei endeleg rydda notemagasinet.
Vi presenterer også ei fersk undersøking om stoda for dataspel i folkebibliotek.
Bok & bibliotek var på lesedagen under Arendalsuka 2026, og ein begeistra Simen Gonsholt melder Maria Parr si første bok for vaksne.
Få også med deg Helge Ridderstrøm sin tekst om litteraturetterforskarane i InterCriPol og Helene Voldner sitt reisebrev frå demokratiets frontlinje på verdas største bibliotekkongress i Chicago.

4 på lager

Om utgiveren:


Bok & bibliotek er Noregs første, største og einaste uavhengige bibliotektidsskrift, etablert i 1934 med røter tilbake til 1907. Bladet tar opp tema, trender og nyhende som vedkjem bibliotek og bibliotekpolitikk – som nye arbeidsformer, teknologi, kulturformidling og bibliotekforsking. I dei fire årlege utgåvene finn du også forfattarportrett, kryss og quiz, bokomtalar og lesetips. Bladet følger Redaktørplakaten. Utgjevar er ABM-Media AS.

Tegn abonnement her!

Merk:
Lenken fører til en ekstern nettside. Tekstallmenningen har ikke abonnementshåndtering for dette tidsskriftet.

Kjøp tidligere utgaver

Andre likte også…

Meny