Bok & bibliotek 3/2024

169 kr

Svenske bibliotek førebur seg på krisar og krig. Vi utforskar påstanden om at biblioteka er ein avgjerande del av totalforsvar. I nord gjer dei det attraktivt å leva og i sør er dei med å utdanna morgondagens forsvarsleiing. Lånarane blir forresten eldre og eldre, mange stadar er det fleire folk på over 65 enn under 20. Korleis skal biblioteka møta ein grånande lånarmasse? Les også Bjørn Hatterud sitt glitrande essay om å finna seg sjølv gjennom biblioteket si tidsskrifthylle. Og a pro pos å finn asi eiga stemme: I denne utgåva finn du også ein djuptpløyande presentasjon av nokre av dei viktigaste forfattarane som skriv i forlenginga av og opposisjon til kolonialismen. Fleire bokomtalar av aktuell sakprosa for bibliotekfeltet finn du òg, og mykje anna.

4 på lager

Om utgiveren:


Bok & bibliotek er Noregs første, største og einaste uavhengige bibliotektidsskrift, etablert i 1934 med røter tilbake til 1907. Bladet tar opp tema, trender og nyhende som vedkjem bibliotek og bibliotekpolitikk – som nye arbeidsformer, teknologi, kulturformidling og bibliotekforsking. I dei fire årlege utgåvene finn du også forfattarportrett, kryss og quiz, bokomtalar og lesetips. Bladet følger Redaktørplakaten. Utgjevar er ABM-Media AS.

Tegn abonnement her!

Merk:
Lenken fører til en ekstern nettside. Tekstallmenningen har ikke abonnementshåndtering for dette tidsskriftet.

Kjøp tidligere utgaver

Andre likte også…

Meny