Bok & bibliotek 4/2022

169 kr

Bruer og bøker er tyngdepunkt i årets siste utgåve, altså ein temadel om samarbeid mellom bibliotek og andre tenester, og ti sider bokomtalar. Vi byr også på unike tal om europeisk bibliotekløyvingar, intervju med den nye sjefen på Stormen i Bodø, og portrett av innkjøpsordninga sin far, den frittalande biblioteksjefen på Rjukan og Deichman Håkon Hjartøy. Vi har intervjua forfattar og forlagsmann Bernhard Mohr om Putin og den russiske litteratursfæren. Ove Sundby sitt ferskaste essay er inspirert av framtidsseminaret Bibliotek 2020, som blei arrangert på Biri i 1999 (ikkje alt gjekk som dei trudde). Mari Vannes tar oss med på litteratursamtale med innsette i eit norsk fengsel. Oda Malmin er spørjande til spesialmerking av nynorske ungdomsbøker i bibliotek. Stian Omland skriv om Asa Earl Carter (aka Forest Carter) – Ku Klux Klan-sympatisøren som toppa norske boklister på 1990-talet. Ingjerd Legreid Ødemark et al. skriv om systematiske litteratursøk i norske fagbibliotek – kva blir gjort, og kva bidreg det med til forskinga? Professor Ragnar Audunson argumenterer for at bibliotek er perfekt plassert for å skapa samarbeid. Andre som får større og mindre plass er: Lenin, julesangpoeten N.F.S. Grundtvig som imponerte Obama og reformerte skandinavisk skolevesen, bibliotek som jobbar mot matsvinn, bibliotekhistorieboka til Andrew Pettegree og Arthur der Weduwen, Inga Moen Danielsen og Silje Heggren fra Tekstalmenningen, og om den Gerald Leitner, generalsekretæren som har leia den internasjonale bibliotekorganisasjonen IFLA slik at 20 av 22 tilsette har slutta i løpet av få år, mange av dei med historier om utbrentheit og depresjon.

5 på lager

Om utgiveren:


Bok & bibliotek er Noregs første, største og einaste uavhengige bibliotektidsskrift, etablert i 1934 med røter tilbake til 1907. Bladet tar opp tema, trender og nyhende som vedkjem bibliotek og bibliotekpolitikk – som nye arbeidsformer, teknologi, kulturformidling og bibliotekforsking. I dei fire årlege utgåvene finn du også forfattarportrett, kryss og quiz, bokomtalar og lesetips. Bladet følger Redaktørplakaten. Utgjevar er ABM-Media AS.

Tegn abonnement her!

Merk:
Lenken fører til en ekstern nettside. Tekstallmenningen har ikke abonnementshåndtering for dette tidsskriftet.

Kjøp tidligere utgaver

Andre likte også…

Meny