Folkemusikk 03/2024

125 kr

Folkemusikk 3/2024 har fleire artiklar om folkemusikkfestivalane denne sumaren. Lesarane får bli med ein tur til Landskappleiken på Gol og Landsfestivalen i Vestnes.

Fem festivalsjefar blir intervjua om Førdefestivalen, Jørn Hilme-stemnet, Kalottspel, Folkemusikkveka og Telemarkfestivalen. Medan tidlegare redaktør Audun Stokke Hole har vore i Kaustinen i Finland.

Redaksjonsmedarbeidar Jostein Aardal har leita i arkivet og funne fram ei sak frå 1991. Han var den gongen heime hjå Hilmar Alexandersen og intervjua han på oppdrag for Spelemannsbladet.

Det blir også drive godt med ulike rekrutteringsprosjekt rundt om kring, og lesarane får innblikk i to slike med dei fengande titlane GNIST og TØFT.

Lars-Ingar Meyer Fjeld har gjeve ut plate med Johannes Dahle-komposisjonar, og me har teke ein prat med han om dette prosjektet.

Fleire utøvarar er ute med nye plateproduksjonar. Ronny Kjøsen er aktuell med trøorgelplate, og denne saka er open for alle lesarar også på nett. I dette nummeret kan du også få lese omtale av det over 40 år gamle plateprosjektet Trioliadam, og intervju med primus motor for (re)lanseringa Tellef Kvifte. Dei nye platene til “Ein heile halve maone”, Astrid Garmo og Lars-Ingar Meyer Fjeld er melde av høvesvis Mari Ormberg, Kari Grøsland og Stein Versto.

19 på lager

Om utgiveren:


Folkemusikk er et magasin for folkemusikk og folkedans. Magasinet er eigd av FolkOrg – organisasjon for folkemusikk og folkedans. Folkemusikk kjem ut fire gonger i året.

folkemusikk.no

Tegn abonnement her!

Merk:
Lenken fører til en ekstern nettside. Tekstallmenningen har ikke abonnementshåndtering for dette tidsskriftet.

Kjøp tidligere utgaver

Andre likte også…

Meny