Tuva Syvertsen vart kåra til årets folkemusikar. Les meir om henne og andre prisvinnarar frå haustens Folkelarm.
Møt den nye leiaren i Norsk kvedarforum, Olaf Moen. Han har gjennom mange år engasjert seg særleg for gamle kvede- og dansetradisjonar i Aust-Agder. Det blir også jobba fleire stader i landet med å få folkesongen ut i skulen. Les om to spennande prosjekt høvesvis på Strilalandet og i Vågå.
Folkemusikk var ein tur på Talentskolen i Prestfoss i september. Der prata me med inspirerte elevar, organisatorar og lærarar. Oslokappleiken er den såkalla «Lokalkappleiken på Løkka», der tok me ein prat med nokre av dei mange dansarane som var med under årets kappleik. Redaktøren har også vore ein tur vestover til Vestlandskappleiken i Jølster, og lesarane av magasinet får eit reisebrev derfrå.
Fire deltakarar på langeleikens storslåtte 500-årsfest fortel om inntrykka dei sit att med etter jubileumshelga i november.
Den folkekjære gamaldsgruppa “Nye Ringnesin” har 40-årsjubileum i år. Bli betre kjent med dei i eit portrettintervju.
Den legendariske felemakaren Gunnar Røstad vart fødd i 1874, og har såleis 150-årsjubileum i år. Bli med Røstad-biograf Kjell Midtgaard til det myteomspunne felemakarmiljøet i Oslo på starten av førre hundreår.
Bjørn Aksdal og Arne M. Sølvberg har skrive kvar sin fagartikkel om høvesvis utviklinga av hardingfela, og 200-årsjubilanten Magne Maurset.
Ikkje eitt Folkemusikk-blad utan meldingar. Les Folkemusikks eksterne kritikarpanel sine vurderingar av den nye boka om Ola Opheim, Ingrid Fossum si langeleikplate, Olav Norheim sin Berit på Pynte-biografi og mange fleire.