Folkemusikk 2025/01

125 kr

På grunn av alt arbeidet FolkOrg sine medlemslag gjer for barn og unge, har organisasjonen fått ein stor pengesum frå BUFDIR. I februar har det gått ein debatt om yrkesutøvarane bør ha ei særstilling når styret i FolkOrg skal veljast. Dette kjem opp som sak på landsmøtet i april. Etter åtte år som styreleiar i FolkOrg, takkar Hilde Reitan for seg. I eit portrett fortel ho om ei lang fartstid i organisasjonen og folkemusikken.

I denne utgåva kan ein også lese om den kjende nord-norske felespelaren, Susanne Lundeng, som er ny professor på NMH. Bladet inneheld også eit portrett av fjorårets bransjeaktør Terje Foshaug, som gjennom fleire tiår har lagt ned ein stor innsats for folkemusikken generelt og det nord-norske folkemusikkmiljøet spesielt. Folkemusikk har også teke ein prat med fjorårets unge folkemusikar, Martin Steinum Brun. På folkemusikk.no går spalta «Fredagspraten», og i papirutgåva kan du bli betre kjend med den særs aktive folkedansaren Svein Aasen.

Det blir også denne gongen eit reisebrev frå redaktøren, som i år har vore på Vinterfestivalen i Rauland. Han har også vore ein tur på den relativt nye Fjellfolkfestivalen i Oppdal, der gruppa Lendmenn hadde plateslepp.

Vidar Lande har brukt pensjonisttilværet godt, og har skrive eit monumentalt verk om gløymde tradisjonsliner i Nedre Setesdal. Ånon Egeland og Tellef Kvifte slår eit slag for tradisjonell feleteknikk i eit intervju der dei er redde for at 400 år gamal praksis står i fare for å forsvinne. Olav Christer Rossebø og Anders Hana fortel om det nye plateselskap sitt, Krets, som skal dyrke den rå og upolerte tradisjonsmusikken. Gunnlaug Lien Myhr har skrive ein artikkel om kvinnelege lausdansarar i Hallingdal på 1700- og 1800-talet.

Ikkje eitt Folkemusikk-blad utan meldingar. Les Folkemusikks eksterne kritikarpanel sine vurderingar av den nye boka til Vidar Lande og ei barnesongbok laga av Eli Storbækken. Dessutan er det platemeldingar av Lendmenn, Malmin og Åshild Vetrhus, Bjørn Sigurd Glorvigen sin versjon av Draumkvedet, Kvedarkvintetten og Marit Vestrum. Magnhild Helland er elles fyrst ut i spalta «Unge folkemusikarar melder».

Det er elles fleire ytringar om både dans og musikk i dette nummeret, som også har minneord via til tre av bautaene som har gått bort den siste tida, Elisabeth Kværne, Per Midtstigen og Amund Bjørgen.

20 på lager

Om utgiveren:


Folkemusikk er et magasin for folkemusikk og folkedans. Magasinet er eigd av FolkOrg – organisasjon for folkemusikk og folkedans. Folkemusikk kjem ut fire gonger i året.

folkemusikk.no

Tegn abonnement her!

Merk:
Lenken fører til en ekstern nettside. Tekstallmenningen har ikke abonnementshåndtering for dette tidsskriftet.

Kjøp tidligere utgaver

Andre likte også…

Meny