Folkemusikk 2025/03

125 kr

I år vart Landskappleiken arrangert i Eidfjord. Den gjæve kongepokalen vart sett opp i Dans hardingfele klasse A. Bli med både framom og bakom scena for ein prat med sentrale aktørar i klassa der ein konkurrerer i å vera best i pardansformer som springar, gangar, parhalling og bonde. Elles kan du møte både yngre og eldre kappleiksdeltakarar og få god innsikt i kva som gjekk føre seg i eliteklassane i vokal, hardingfele og vanleg fele.
Store folkemengder hadde møtt opp på Landsfestivalen i Oppdal cirka ein månad seinare. Folkemusikk var til stades og prata med både utøvarar, arrangørar, publikummarar og dommarar. Her får du perspektiv på Landsfestivalen både før og no, samt debattar og innsikt i rekrutteringsprosjekt.
I bladet kan du også få eit innblikk i nokre av sumarens folkemusikkfestivalar, slik som Pederhusveka, Jørn Hilme-stemnet, Telemarkfestivalen og Kalottspel. Det blir denne gongen eit reisebrev frå Førdefestivalen.
Tidlegare stortingsmann Hallgrim Berg har gjennom ei årrekke vore ein aktiv profil på folkemusikk- og folkedansfeltet. I vår fylte han 80 år, og Folkemusikk har fått eit eksklusivt portrettintervju med tilbakeblikk til ei særs mangslungen karriere.
Magasinet har også denne gongen ein god del fagprat. Her kan du lesa om Magne Velure sitt djupdykk i Nasjonalbiblioteket sitt avisarkiv som har resultert i ein artikkel om hallingdans på scena like rundt førre hundreårskifte. Både Tellef Kvifte og Anders Lunden Herfoss har kome med bøker om høvesvis folkemusikkvitskapleg teori og spelemenn i Ål i Hallingdal. I tillegg har det kome mange plateproduksjonar den siste tida som er grundig gjennomgått av Folkemusikk sitt meldepanel.

18 på lager

Om utgiveren:


Folkemusikk er et magasin for folkemusikk og folkedans. Magasinet er eigd av FolkOrg – organisasjon for folkemusikk og folkedans. Folkemusikk kjem ut fire gonger i året.

folkemusikk.no

Tegn abonnement her!

Merk:
Lenken fører til en ekstern nettside. Tekstallmenningen har ikke abonnementshåndtering for dette tidsskriftet.

Kjøp tidligere utgaver

Andre likte også…

Meny