Folkemusikk 2026/02

125 kr

I dette nummeret av Folkemusikk blir lesaren teken med inn i eit breitt utsnitt av det som rører seg på folkemusikk- og folkedansfeltet i dag. Her er reportasjar frå jubileum og konsertar, portrett av etablerte og yngre utøvarar, og fagstoff som går tett på tradisjonane.

Folkemusikkveka i Ål markerte 50 år i slutten av mai og vart feira med brask og bram gjennom historiske tilbakeblikk og møte mellom generasjonar. Platesleppet til Helga Myhr gav eit ypparleg møte med slåttespeltradisjonen i Hallingdal, og me fekk ein «Sundretur» med Odd Nordstoga, Stein Torleif Bjella og Per Anders Buen Garnås.

Bladet inneheld eit portrett av Olav Luksengård Mjelva som har teke hardingfela ut på internasjonale scener og inn i filmmusikken. Me har også møtt dei tre hardingfelespelande søstrene Midtbø Vevle Bruner frå Osterøy til ein prat.

Tone Ingvaldsen frå Kartellet fortel om korleis det gjekk då «An dran uten drakt», der både utøvarar og publikum var splitt nakne, vart sett opp på Riksscenen. Me får også møte utøvarar og tradisjonsberarar som Roger Slåstuen, Ove Larsen og Hans Kjorstad, med ulike inngangar til tradisjon, formidling og skapande arbeid.

Me kikkar også innom Storefjelltreffen, der deltakarar i alle aldrar fyller hotell og dansesalar. Fleire artiklar tek for seg arbeidet rundt musikken. Gjennom intervju med frivillige og arrangørar blir førebuingane til Landsfestivalen i Vågå skildra, med vekt på dugnad, organisering og rekruttering.

Ein reportasje frå eit internasjonalt innspelingsprosjekt i Heddal stavkyrkje viser korleis instrument som hardingfele, langeleik og nyckelharpe blir dokumenterte og gjorde tilgjengelege for komponistar i film- og spelproduksjon. Det internasjonale perspektivet kjem også fram i reisebrevet frå Nordtrad i Malmö, der studentar frå Norden og Baltikum møtest til samspel og kurs.

Samstundes gir artiklar om trekkspelsamlinga til Nicolaisen-brørne i Skjåk og historiske opptak Rikard Berge gjorde med Knut og Johannes Dahle på voksrullar innblikk i dokumentasjon og bevaring av eldre tradisjonar. Me møter også voksrullpioneren Narve Skarpmoen i ein biografisk artikkel.

I fagdelen finn ein også fyrste del i ein artikkelserie om hallingdansen i Valdres oppgjennom tidene, i tillegg til eit intervju med initiativtakarane til Hallingbokprosjektet. Nummeret rommar som alltid eit større tilfang av plate- og bokmeldingar.

19 på lager

Om utgiveren:


Folkemusikk er et magasin for folkemusikk og folkedans. Magasinet er eigd av FolkOrg – organisasjon for folkemusikk og folkedans. Folkemusikk kjem ut fire gonger i året.

folkemusikk.no

Tegn abonnement her!

Merk:
Lenken fører til en ekstern nettside. Tekstallmenningen har ikke abonnementshåndtering for dette tidsskriftet.

Kjøp tidligere utgaver

Andre likte også…

Meny