Sidan proklamasjonen av Monroe-doktrinen i 1823 har Dei sameinte statane hevda hegemoni over heile det amerikanske kontinentet. Deira geopolitiske dominans er spegla både i mediedekninga og i forskinga her til lands. Det som i historia opphavleg var det fyrste Amerika har i dag, i skuggen av USA si kulturelle og politiske overlegenheit, vorte til det andre Amerika. Med denne bakgrunnen ønskjer me i Fortid å rette søkjelyset nettopp mot dei mindre omtala delane av den vestre halvkule. Då me valde temaet «Det andre Amerika» var formålet å opne opp for alle moglege bidrag omhandlande alt som fell utanfor den DC-senrerte diplomatiske historieskrivinga.
Navigasjon












