Tidsskriftet Jaja 2025/01

249 kr

Tidsskriftet Jaja debuterer som fysisk tidsskrift!

Førehandsting Jaja hos Tekstallmenningen og få utgåva med temaet «Ting som tause forteljarar» i postkassen i august.

Jaja er kulturtidsskriftet frå den vestnorske bygda, som dreier kring forteljekunst, forteljingar og språk.

I denne første fysiske utgåva vil du finne bidrag frå eit gnistrande lag ferske og erfarne skribentar. Dei utforskar temaet «ting som tause forteljarar» med nysgjerrige, skarpe, underhaldande, undrande og analytiske blikk.

Utgåva vert lansert i august 2025.

Vi tilbyr ordinært abonnement og venskapsabonnement for deg som har hjarte for Jaja. Klikk på «registrer abonnement» og vel den typen du ynskjer. Då får du Jaja i postkassen i august.

Abonnementet inkluderer ei fysisk utgåve i året. Du kan også lese våre digitale utgåver gratis på tidsskriftetjaja.no.

Tomt på lager

Om utgiveren:


Tidsskriftet Jaja

Tidsskriftet Jaja er eit norsk tidsskrift om og med forteljekunst, som skal få fram meir allsidige forteljingar frå bygd og by. Jaja gir ut ei fysisk utgåve årleg, i tillegg til digitale utgåver på tidsskriftetjaja.no. Tidsskriftet skal vere eit rom for å utforske kva ei forteljing er og kan vere, og har bidrag i sjangrar som poesi, noveller, fotoessay, essay og prosatekstar. Utgjevar er Jakob Sande – senter for forteljekunst.

Kjøp tidligere utgaver

Andre likte også…

Meny