I Mellom 1-2021 tar vi for oss temaet “feministisk science fiction og andre fiksjonar”. Temaseksjonen presenterer ei rekkje kvinnelege forfattarskap som vi ønskjer å vise fram for eit norsk publikum, og dei fleste tekstane har tidlegare ikkje vore omsette til norsk.
Forfattar og slampoet Guro Jabulisile Sibeko introduserer den nigeriansk-amerikanske Nnedi Okorafors afrofuturistiske Binti-trilogi, Tharaniga Rajah presenterer den svensk-iranske Balsam Karams dystopi Hendingsranda og Kathleen Rani Hagen gir oss eit innblikk i forfattarskapet til Marian Womack, som har røter i Spania og Storbritannia og skriv økokritisk spekulativ fiksjon. I randa av det spekulative, men i kjernen av det absurde, har vi forfattar Gunnhild Øyehaugs omsetting av eit utdrag frå Nittini historier om Gud av den prislønte amerikanske forfattaren Joy Williams. Forfattar og omsettar Astrid Nordang har omsett italienske og sardinske Clelia Farris’ langnovelle «Kreativ kirurgi». Vårt nye redaksjonsmedlem Ingvill Kjærstein har omsett eit utdrag frå den japanske kultklassikaren Læretida til Stortå P av Rieko Matsuura og Ingvild Nærum gir oss ein smakebit på Mary Shelleys gløymde romanperle Det siste mennesket. I tillegg gir forfattar Sigbjørn Skåden sin vri på omtalesjangeren gjennom si lesing av antologien Walking the Clouds om urfolksfuturismar.
Dei fantastiske – og passande – illustrasjonane vi var heldige nok til å kunne bruke er laga av den New Delhi-baserte kunstnaren Osheen Shiva.