Musikk & Historie, 2021

350 kr

Temanummeret Kvinneroller ser på korleis kvinner historisk har delteke og vore framstilte i musikken. Kvinner har historisk på mange vis hatt innskrenka og marginaliserte roller i musikken, frå forbod mot kvinner på scener til at instrument har vore laga med utgangspunkt i mannskroppen. Samstundes har kvinner alltid hatt særeigne roller i musikklivet, og vore representert i musikk skrive av menn. Dette nummeret prøver å visa fram ulike aspekt ved denne dobbelrepresentasjonen, og korleis denne kan utfordra stereotype framstillingar av historiske kvinneroller.

117 på lager

Om utgiveren:


Musikk & Historie er eit norsk tidsskrift som skriv om historisk musikk, eller tidlegmusikk, frå eit tverrfagleg, idéhistorisk perspektiv. Tidsskriftet er meint å vera eit forum for interesserte lesarar og skribentar, og ynskjer å eksistera i krysningspunktet mellom fyrsterangs forsking og populærformidling. Kvart nummer har ei hovudvekt på artiklar som omhandlar eit tema som knyter musikken til dagsaktuelle tema, men tidsskriftet trykker òg tekster om andre tema.

Tegn abonnement her!

Kjøp tidligere utgaver

Andre likte også…

Meny